Fødsel utan smerte - Lamaze metoden
Skrevet av
tor 21 feb 2008
Lamaze er ein fødselsførebuande metode utvikla i 1940åra av den franske legen Dr. Fernand Lamaze som eit alternativ til bruk av medisinsk smertelindring under fødselshjelpa.
Dr. Lamaze var inspirert av ein metode utarbeida i Russland i 1850 åra som innebar pusting og avslappingsteknikkar under rettleiing av ei jordmor. Lamaze metoden vart rask populær i USA etter at Marjorie Karmel skreiv om hennar erfaringar i 1959 i boka "Thank You, Dr. Lamaze."
Moderne Lamaze kurs lærar vordane mødre pusteteknikkar og ofte andre måtar å arbeide med fødselsprosessen for å redusere smerte assosiert med fødselen, slik som varme og kalde pakkar, endre stillingar, bruk av yogaball for å bli i ein oppreist stilling, og orgasme for å skunde på fødeprosessen. Ved aktiv bruk av denne metoden vil den fødande ha mindre behov for medisinsk smertelindring under fødselen.
Lillian Marie Govasli er trebarnsmor og har trent etter Lamaze metoden før to av sine fødslar. Du kan lese meir om Lamaze og hennar erfaringar her.